| Norsk Filosofisk Tidsskrift | |
| Filosofi og allmenndanning som vesentleg omstridde omgrep | |
| Hans Marius Hansteen1  | |
| [1] Dr.art. i filosofi, Førstelektor ved Institutt for filosofi og førstesemesterstudium, Universitetet i Bergen.; | |
| 关键词: filosofi; danning; vesentleg omstridde omgrep; paideia; didaktikk; examen philosophicum; | |
| DOI : 10.18261/nft.57.1-2.5 | |
| 来源: DOAJ | |
【 摘 要 】
Både filosofi og allmenndanning er vesentleg omstridde omgrep, som det korkje er mogleg eller ynskjeleg å gje eintydige definisjonar. Avklåring av slike omgrep dreier seg meir om å skjøna korleis og kvifor dei er omstridde, noko som vil kunna føra til ei betre forståing både av omgrepa og av dei fenomena dei syner til. Omgrepet «filosofi» i den vestlege tradisjonen har opphavet sitt i strid om danningas mål og meining. Ulike perspektiv på tilhøvet mellom filosofi og retorikk i klassiske tradisjonar for paideia gjev syn for ein konstellasjon av vesentleg omstridde omgrep som i neste omgang gjev utgangspunkt for ein aktuell didaktisk modell. Frå eitt perspektiv er filosoferinga ei oppøving av analytiske evner og dugleikar. Frå eit anna perspektiv er filosoferinga ei kjelde til innsikt i ikkje-empiriske spørsmål. Frå eit tredje perspektiv er filosoferinga ei form for sjølvrefleksjon i møtet mellom eiga tenking og overleverte forståingsformer. Drøftingar av innretninga av examen philosophicum kan med føremon ta utgangspunkt i tilhøvet mellom desse aspekta.
【 授权许可】
Unknown