期刊论文详细信息
Norsk Sosiologisk Tidsskrift
Kritikk i samfunnskunnskap: rettkomne og bandlagde elevar
article
Thomas Noven Eide1 
[1] Stipendiat, Sosiologisk institutt, Universitetet i Bergen
关键词: Kritisk tenking;    politisk danning;    samfunnsfaglege ferdigheiter;    sosial klasse;    habitus;   
DOI  :  10.18261/issn.2535-2512-2021-05-01
学科分类:医学(综合)
来源: Scandinavian University Press
PDF
【 摘 要 】

Kritisk tenking er ein føresetnad for politisk danning i den norske einskapsskulen. Samtidig er sosial reproduksjon av klasseskilje eit vedvarande trekk ved det norske utdanningssystemet, noko som reiser spørsmålet om kva rolle klassebakgrunn spelar i danningsprosessen. Denne studien ser på to sider ved ulike elevar si deltaking i samfunnskunnskapsundervisinga. For det første korleis elevar møter undervisingssituasjonar der dei lærer ferdigheiter i kritisk tenking, for det andre korleis dei meistrar kritisk tenking i desse undervisingssituasjonane. Studien byggjer på eit fem månader langt feltopphald i to skuleklassar på vestlandet. Resultata viser for det første at kritisk tenking var lågt prioritert, men kunne observerast i elevaktive undervisingssituasjonar slik som klasseromsamtalar, rollespel og vurderingssituasjonar. For det andre var det betydelege klasseskilje i korleis elevar møtte og meistra kritisk tenking. Fleire av middelklasseelevane møtte faget på ein aktiv måte og meistra kritisk tenking om politiske spørsmål. Til samanlikning hadde elevar med arbeidarklassebakgrunn tilbaketrekt framtoning i undervisingssituasjonane og viste lite kritisk tenking. Nordamerikansk forsking har kritisert medborgaropplæringa i samfunnskunnskap for å ha ein middelklasse-bias grunna manglande relevans for arbeidarklasseelevar. Funna mine viser at den norske einskapsskulen ikkje skil seg ut på dette punktet. Mikro-mekanismane i skulekvardagen er undersøkt basert på Bourdieu sitt habitusomgrep. Til liks med Lareau (2011) finn eg at middelklasseelevane si framferd er kjenneteikna av «sense of entitlement» og arbeidarklasseelevar av «sense of constraint». Eg omsett dette til rettkomen og bandlagd framferd. Å vere rettkomen er både naudsynt og lønnsamt for å meistre dei krevjande undervisingssituasjonane der kritisk tenking vert utvikla. Artikkelen viser at vilkåra for politisk danning ikkje er like. Kunnskap om korleis samfunnskunnskap er innretta og verkar på elevane, er nødvendig om skulen skal nå målet med å løfte alle til kritisk tenkjande samfunnsmedlem.

【 授权许可】

CC BY-NC   

【 预 览 】
附件列表
Files Size Format View
RO202110130000210ZK.pdf 208KB PDF download
  文献评价指标  
  下载次数:4次 浏览次数:0次